Utskriftsvennlig versjon

Politisk organisering

Kartet under syner organiseringa av fylkestinget, fylkesutvalet og dei fire hovudutvala

Skjermbilde

Møre og Romsdal fylkeskommune er ein politisk styrt organisasjon, med direkte val til fylkestinget kvart 4. år. Inneverande valperiode starta i oktober 2015. Fylkesordførar Jon Aasen (Ap) leiar møta i fylkestinget og fylkesutvalet, og er fylkets øvste politiske leiar.

Politiske organ

Fylkestinget (2015-2019)

Fylkestinget er det øvste, folkevalte organet i fylkeskommunen. Fylkestinget har 47 medlemer og har normalt fire samlingar pr år. Det er fylkestinget som set rammene for den fylkeskommunale verksemda. Dette skjer gjennom vedtak om fylkesplan, økonomiplan, årsbudsjett og andre prinsipielle saker for fylkeskommunen. 

Fylkesutval (2015-2019)

Fylkesutvalet er fylkestinget sitt arbeidsutval. Medlemmane blir valt blant fylkestinget sine medlemmar. Fylkesutvalet i Møre og Romsdal har 13 representantar og blir leia av fylkesordføraren.

Hovedutval

Møre og Romsdal fylkeskommune har fire hovudutval: utdanning, samferdsel, kultur- og folkehelse og regional- og næringsutvalet. I tillegg finns ei rekke rådgivande utval: Ungdomspanelet/Ungdommens fylkesting, likestillingsutvalet, rådet for likestilling av funksjonshemma, eldrerådet, fylkestrafikktryggingsutvalet, yrkesopplæringsnemnda og plannemnda for byggeprosjekt.

Fylkeskommunen har også representantar i ei rekke eksterne styre og råd, t.d. styre og bedriftsforsamling Nordvestlandske AS, styre i Fjord1 Buss Møre AS, landstinget i KS og Vestlandsrådet. Fylkeskommunale representantar er også med ulike statlege utval, bankorgan, kraftlag, verna verksemder, kulturinstitusjonar, samferdselsselskap, høgskolar/forskingsinstitusjonar m.m.

Råd og utval

Fylkestinget er det øvste, folkevalte organet i fylkeskommunen. Fylkestinget har 47 medlemer og har normalt 4 samlingar pr år. Det er fylkestinget som set rammene for den fylkeskommunale verksemda. Dette skjer gjennom vedtak om fylkesplan, økonomiplan, årsbudsjett og andre prinsipielle saker for fylkeskommunen.

Fylkesutvalet er fylkestinget sitt arbeidsutval. Medlemmene blir valt blant fylkestinget sine medlemmer. Fylkesutvalet i Møre og Romsdal har 13 representantar og blir leia av fylkesordføraren.

Kultur- og folkehelseutvalet har politisk ansvar for å leggje til rette for eit godt kultur, folkehelse og tannhelse tilbod i fylket. Utvalet skal følgje opp fylkesplanens handlingsprogram for kultur og forvalte fylkeskommunens regionale utviklingsrolle i regional samanheng. Viktige oppgåver er mellom anna: kulturminne, tilskotsordningar, fordeling spelemidlar, førebyggjande helsearbeid, tannhelse, kulturformidling, fylkesbiblioteket og anlegg og aktivitet innan idrett og friluftsliv, likestilling og inkludering.

Regional- og næringsutvalet har ansvar for oppgåver knytt til prosessar rundt den regionale utviklingsrolla innan næring, nyskaping og miljøpolitikk. Utvalet skal følgje opp fylkesplanens handlingsprogram for verdiskaping, følgje opp regionale delplanar og strategiar, samt forvalte fylkeskommunens regionale utviklingsrolle. Viktige oppgåver er mellom anna å arbeide for at næringsliv, kommunar, høgskular/ forskingsmiljø og andre aktørar skal ha gode vilkår for vekst og utvikling.

Samferdselutvalet har ansvar for saker innan generell samferdselspolitikk, fylkesvegar, transportsystem og kollektivtrafikk. Utvalet skal følgje opp fylkesplanens handlingsprogram for samferdsel og forvalte fylkeskommunens regionale utviklingsrolle, samt følgje opp Nasjonal transportplan, regionale delplanar og strategiar. Viktige oppgåver er mellom anna drift og vedlikehald av fylkesvegar, utvikling av infrastruktur, eit godt kollektivtilbod – buss, ferje og hurtigbåt, skoleskyss, transportløyver og TT-tenesta.

Utdanningsutvalet har det politiske ansvaret for forvaltning av vidaregåande utdanning og fagopplæring. Utvalet skal følgje opp fylkesplanens handlingsprogram for kompetanse og forvalte fylkeskommunens regionale utviklingsrolle. Utvalet skal mellom anna leggje til rette for eit godt og framtidsretta utdanningstilbod i fylket. Viktige oppgåver er drift og utvikling av 23 vidaregåande skolar og to fagskolar, undervisning og fagopplæring til omlag 10 000 elevar og vel 2000 lærlingar i 1300 lærebedrifter.

Eldrerådet er eit lovpålagt rådgjevande organ som etter fylkestingsvedtak skal ha 7 medlemer. 5 av medlemene skal vere alderspensjonistar busett i fylket og skal fortrinnsvis veljast etter framlegg frå fylkesomfattande organisasjonar. Rådet vel sjølv leiar og nestleiar mellom pensjonistane.

Fagskolestyret er det øvste organet for fagskoleutdanninga i Møre og Romsdal fylkeskommune. Styret har ansvaret for å drifte og utvikle fagskoletilbodet i samsvar med føremålet for fagskolen.

Styret har ansvaret for at opplæringa ved studiestadene til fagskolen er i samsvar med lover og forskrifter som gjeld for verksemda, og at tilbodet er i samsvar med godkjenninga frå NOKUT.

Styret har ansvaret for det fysiske og psykiske arbeids – og læringsmiljøet til tilsette og studentar.

Fagskolestyret har 7 medlemar med røysterett med personlege varamedlemar. Styret skal ha slik samansetjing: leiar i Utdanningsutvalet, ein representant frå Regional – og næringsutvalet, leiar og nestleiar i Yrkesopplæringsnemda og tre representantar frå næringslivet oppnemd av Yrkesopplæringsnemda.

Studentar og tilsette skal ha to representantar kvar med møte-, tale og forslagsrett for Fagskolestyret.

Fylkestrafikktryggingsutvalet (FTU) er oppnemnt av samferdselsutvalet. Utvalet har eit spesielt ansvar for å følgje opp vegtrafikklova sin paragraf §40a.

FTU står bak dei handlingsplanane for trafikktrygging som vert laga her i Møre og Romsdal. Det vert laga ein strategiplan for kvar 4-årsperiode så vel som årlege planer. Det er eit godt samarbeid med dei andre trafikktryggingsaktørane i fylket, slik som Statens vegvesen, politiet, Trygg Trafikk og trafikkskolane.

Kontrollutvalet skal på vegne av fylkestinget stå føre det løpande tilsynet med den fylkeskommunale forvaltninga, og skal sjå til at fylkeskommunen har ei forsvarleg revisjonsordning. Kontrollutvalet skal framstå som eit kompetent, uavhengig, objektivt og synleg organ med høg integritet. Kontrollutvalet skal særleg sjå til at:

  • fylkeskommunen bruker ressursane til å løyse oppgåver som samsvarer med fylkestingets vedtak og føresetnader
  • fylkeskommunens ressursbruk og verkemidlar er effektive i høve til måla som er sett på områda
  • lov og regelverk blir etterlevd i den fylkeskommunale forvaltninga
  • fylkeskommunens styringsverktøy og verkemidlar er formålstenlege
  • resultata i tenesteproduksjonen er i samsvar med fylkestinget sine føresetnader
  • fylkeskommunens årsrekneskap blir revidert på ein trygg måte
  • fylkeskommunens interesser i selskap blir ivaretekne på ein formålstenleg måte

Plannemnd for byggeprosjekt er fylkeskommunen sitt politiske styringsorgan for programmering, planlegging og gjennomføring av større byggjeprosjekt i samsvar med regelverket for saksgangen i fylkeskommunale byggjeprosjekt.

Plannemd for samferdselsutbygging er eit rådgjevande utval og skal bistå samferdseslutvalet i oppfølging av plan- og prosjektarbeid.

Plannemda skal delta i planlegging og oppfølging av særleg dei store fylkesvegprosjekta. For kvart prosjekt gjeld dette t.d kommunedelplan, reguleringsplan, vegstandard, trasear, finansiering og framdriftsplan. Nemda skal haldast orientert om framdrifta av prosjekta, og skal kome med råd om tiltak i samband med evt. budsjettavvik.

Rådet er eit rådgjevande organ for fylkeskommunale organ, fylkesmannen og kommunane i saker som vedkjem menneske med nedsett funksjonsevne.

Rådet for likestilling av funksjonshemma er samansett av tre brukarrepresentantar og fire politikarar frå fylkestinget. Rådet har og med ein representant frå kommunane oppnemnt av KS.

Ungdomspanelet (UP) består av ni representantar og fem vararepresentantar, som blir valde på Ungdommens fylkesting (UFT) kvar haust. UP skal vere eit aktivt bindeledd mellom ungdom og Møre og Romsdal fylkeskommune og partnarskap, samt drive lobbyverksemd overfor politiske styresmakter, og iverksetje UFT sine intensjonar.

Gjennom UFT og UP skal ungdom i Møre og Romsdal ha reel medverknad, kunne påverke politiske saker i fylket og auke ungdomens samfunnsengasjement. Vidare skal UFT og UP stimulere til politiske engasjement samt få opplæring og erfaring i demokratiske prosessar. UFT og UP skal vere eit høyrings- og rådgjevande organ for Møre og Romsdal fylkeskommune og alle dei politiske organa og dei kan sjølve ta opp saker dei ønskjer fremma med administrasjonen og/eller politiske organ i fylkeskommunen.

UP har omlag 9 møter i året. 

Ungdommens fylkesting: Kvar haust arrangerar Ungdomspanelet (UP) og Møre og Romsdal fylkeskommune Ungdommens fylkesting (UFT). UFT er ungdommane sitt øvste politiske organ i fylket. Dei diskuterar viktige saker som gjeld ungdom i fylket. I tillegg vel dei eit UP som sitt arbeidsutval som jobbar mellom kvart fylkesting. UFT lagar eit handlingsprogram som Ungdomspanelet skal arbeide med det kommande året og Ungdomspanelet rapporterar til UFT om sitt arbeid.

Kvar kommune er representert med to ungdomsrepresentantar. Vedtak fatta av UFT er viktige og retningsgjevande for fylkestingspolitikarane i Møre og Romsdal fylkeskommune. Kvart år blir det invitert forskjellig gjester som stiller med kunnskap og engasjement.

Gjennom UFT og UP skal ungdom i Møre og Romsdal få reel medverknad, kunne påverke politiske saker i fylket og auke ungdommens samfunnsengasjement. UFT og UP skal stimulerer til politisk engasjement samt få opplæring og erfaring i demokratiske prosessar.

Vestlandsrådet er eit interfylkeskommunalt samarbeidsråd oppretta med heimel i Kommunelova § 27, og er drive av Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal fylkeskommune.

Vestlandsrådet består i alt av 20 personar, 5 frå kvart fylke. Representantane er valde av og blant fylkestinget sine medlemar. Leiinga av Vestlandsrådet skal gå på omgang med intervall på eitt år. Fylkesordføraren i det fylket som har leiarskapen er leiar for rådet. Fylkesrådmannen i det same fylket har ansvar for å leia sekretariatet, og har også innstillingsretten til rådet.

Yrkesopplæringsnemnda er eit partsamansett rådgjevande organ for Møre og Romsdal fylke i alle saker som gjeld kvalitet i fag- og yrkesopplæringa. Nemnda skal dessutan ha eit spesielt fokus på dimensjonering av heile opplæringstilbodet i yrkesfaga, karriererettleiing og regional utvikling.

Oppgåvene til yrkesopplæringsnemnda er stadfesta i opplæringslova, og lova gir føresegner om m.a. rettar og plikter for lærlingar og lærebedrifter, og om fag- og sveineprøver.

Politiske saker før 2011

Laster...