Arkivplan for Møre og Romsdal fylkeskommune

153-5348_IMG

Forskrift om offentlige arkiver av 11.desember 1998 §2- pålegg alle offentlege organ å ha ei arkivplan:

“Eit offentleg organ skal til kvar tid ha ein ajourført samleplan, ein arkivplan, som viser kva arkivet omfattar og korleis det er organisert. Arkivplanen skal også vise kva slags instruksar, reglar, planar m.v. som gjeld for arkivarbeidet.”

Ved å lage ein arkivplan kvalitetssikrar vi arkivforvaltninga i Møre og Romsdal fylkeskommune. Arkivplanen skal være et reiskap til å halde oversikt over korleis arkivet er bygget opp, kva det inneheld og kvar det fysisk er plassert.

Føremål for arkivplan 

Arkivplanen skal vere retningsgjevande for all dokumentasjon.

Arkivplanen er ein plan for organiseringa av arkivtenesta, og ei oversikt for rutinane

som gjeld etablering, bevaring og bruk av arkiva. Planen skal vere eit verktøy for å

kvalitetssikre arkivfunksjonane i fylkeskommunen.

Arkivplanen skal reviderast når det skjer endringar i organisasjon eller saksgang.

Det er eit krav i forskriftene til arkivlova at kommunane skal ha ein slik plan (forskr. § 2-2).

For at planen til ein kvar tid skal vere aktuell, må den jamnleg oppdaterast og ajourførast.

Dette skal skje minst ein gong i året. Dei arkivplanane som er gått ut av bruk skal arkiverast.

Rådmann har arkivansvaret

Det er rådmannen som har det overordna arkivansvaret ( jfr. Arkivforskrifta §1-1)

Rådmannen har delegert det administrative ansvaret for arkivet til administrasjonsleiar,

og arkivleiar har det faglege ansvaret for fylkeskommunen si arkivteneste.

Historie