Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no

1. Organisering og ansvar

Dagleg utfører Møre og Romsdal fylkeskommune oppgåver for innbyggjarane som bur og arbeider i Møre og Romsdal fylke. Vi løyser dei i samspel med kommunar, næringsliv og organisasjonar. Med omlag 2500 tilsette, er vi ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Du kan lese meir om kva vi har ansvar for i årsrapporten vår.

 

Fylkeskommunen sine oppgåver er:

Vidaregåande opplæring

Møre og Romsdal har omlag 10 000 elevar i vidaregåande opplæring. Dei fleste av desse går på ein av dei 23 vidaregåande skolane våre. Mange elevar har rett på skoleskyss, som også blir levert av fylkeskommunen. Vi gir ekstra hjelp til dei som treng det for å fullføre vidaregåande, og vi tilbyr karriererettleiing til alle. Vi har også ansvaret for dei to fagskolane i fylket, i Kristiansund og Ålesund.

  

Fylkesvegar og kollektivtrafikk

Fylkeskommunen har ansvar for utvikling og vedlikehald av fylkesvegar. Ved avvikling av SAMS vegadministrasjon 01.01.2020 ble oppgåvene vedrørande fylkesvegane overført til fylkeskommunen.

Fylkeskommunen skal legge til rette for gode og miljøvennlege kollektivtilbod i heile fylket. Kollektivtilbodet i Møre og Romsdal heiter Fram og har ansvar for buss, ferje og hurtigbåtar.

   

Tannhelse

  • Møre og Romsdal har 33 tannklinikkar som skal yte god tannhelsehjelp og førebyggjande arbeid. 
  • Om lag 30 prosent av innbyggjarane har i dag rett til gratis tannhelsetilbod. Dette er barn og ungdom, grupper av eldre, langtidssjuke, uføre og psykisk utviklingshemma.
  • Tannhelsetenesta har også tilbod om behandling til betalande pasientar etter kapasitet.

 

Kultur

Vi skal legge til rette for godt kulturliv i heile Møre og Romsdal. Fylkeskommunen har ansvar for kulturtenester, kulturformidling og kulturvern. I tillegg legg vi til rette for ei god folkehelse og godt friluftsliv for innbyggarane våre.

 

Næringsutvikling

Vi skal jobbe for nyskaping, vekst og arbeidsplassar i nærområda i Møre og Romsdal. Fylkeskommunen støttar kommunar og næringsliv, og legg til rette for å forvalte naturressursane på ein berekraftig måte.

 

Mynde og forvaltning

På ei rekke felt har vi rett og lov til å bestemme på vegne av staten. Det gjeld mellom anna for forvaltning av kulturminne, vatn, friluftsliv og naturressursar.

 

Samfunnsutvikling

Vi skal drive samfunnsutvikling i samarbeid med andre aktørar i fylket, som kommunar, næringsliv, frivillige lag og foreiningar og forskings- og utdanningsmiljø. Dette gjer vi etter Regional planstrategi for Møre og Romsdal, fylkeskommunen sitt overordna plandokument, og andre planar.

Måla er for den regionale utviklinga er at vi skal ha gode og inkluderande lokalsamfunn og byar, eit godt og breitt kultur- og fritidstilbod, god og tilstrekkeleg kompetanse, god konkurransekraft og nyskaping, gode og samfunnsutviklande samferdselsløysingar, gode oppvekst- og levekår  og god miljømessig berekraft.

 

Fylkesplan

Fylkesplanen er den overordna planen for samfunnsutvikling i Møre og Romsdal. Planen skal gi fylkeskommunen, kommunale og regionale styresmakter, næringsliv, institusjonar og organisasjonar i fylket eit prioriterings- og avgjerdsgrunnlag. Planen skal også bidra til godt samarbeid og samhandling i fylket. 

Fylkesplanen skal følgast opp gjennom handlingsprogram for kompetanse/verdiskaping, kultur og samferdsel. Handlingsprogramma er integrert i økonomiplanen.

 

Kjerneverdiar

Møre og Romsdal fylkeskommune har ein visjon om å vere ein tydeleg medspelar, med kjerneverdiane openheit, respekt, likeverd, medråderett og ansvar for fellesskapet.

 

Fylkeskommunen er eit av tre styringsnivå

Norge blir styrt, eller forvalta, på tre nivå: Statleg, fylkeskommunalt og kommunalt.

Det statlege nivået består av Stortinget, regjeringa og statsforvaltninga. Det lokale nivået består av kommunar og fylkeskommunar.

Dei tre nivåa har ansvaret for ulike oppgåver. Kommunane og fylkeskommunane står for rundt 60 prosent av den offentlige tenesteproduksjonen i landet.

Fylkeskommunen tek seg av oppgåver som er for store for kommunane eller som går på tvers av kommunegrensene. 

Fylkeskommunen og kommunen har sjølvråderett på ei rekke område. Dei har sjølvstyre og kan bestemme i fleire saker som angår nærområdet, kommunen eller regionen.

 

Tilsette over heile fylket

Møre og Romsdal fylkeskommune er ein av fylkets største arbeidsgivarar med omlag 2500 tilsette. Omkring 2000 av desse har arbeidet sitt på ein av dei 23 vidaregåande skolane i fylket. 200 arbeider på ein av dei 33 tannklinikkane, og om lag 400 arbeider i sentraladministrasjonen.

Øvste administrative leiar i fylkeskommunen er fylkeskommunedirektøren.

  

Laster...