Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

1.2 Politisk organisering

Politisk organisering

Fylkeskommunen - eit av tre forvaltningsnivå

Noreg har tre forvaltningsnivå: Statleg, fylkeskommunalt og kommunalt.

Det statlege nivået består av Stortinget, regjeringa og statsforvaltninga. Det lokale nivået består av kommunar og fylkeskommunar.

Dei tre nivåa har ansvaret for ulike oppgåver. Kommunane og fylkeskommunane står for rundt 60 prosent av den offentlige tenesteproduksjonen i landet.

Fylkeskommunen tek seg av oppgåver som er for store for kommunane eller som går på tvers av kommunegrensene. 

Fylkeskommunen og kommunen har sjølvråderett på ei rekke område. Dei har sjølvstyre og kan bestemme i fleire saker som angår nærområdet, kommunen eller regionen.

Vi er politisk styrt

Fylkeskommunen er bygd opp av eit politisk og eit administrativt nivå.

Fylkeskommunen blir styrt av fylkestinget, som består av 47 folkevalde politikarar. Desse blir valt på kommune- og fylkestingsvalet kvart fjerde år. Det er fylkesordføraren som leier fylkestinget. Fylkestinget gjer vedtak i større og prinsipielle saker og gir rammer for alt arbeid i Møre og Romsdal fylkeskommune. Fylkesutvalet og ei rekke politiske utval førebur saker for, og kjem med tilrådingar til fylkestinget. Fylkesordføraren leiar møta i fylkestinget og fylkesutvalet og er fylkets øvste politiske leiar.

Fylkeskommunedirektøren leier den fylkeskommunale administrasjonen. Han førebur saker for fylkestinget og dei andre politiske utvala, og gjennomfører dei vedtaka som politikarane gjer.

Politisk leiing

Politiske saker før 2011

Politisk møtekalender

Inntekter og økonomi

Både kommune og fylkeskommunen får inntekter frå kommune- og fylkesskatt, avgifter og overføringar frå staten. Dei statlege overføringane kan vanlegvis brukast etter eige ønske, men nokre gongar er dei øyremerka.

Laster...