Lovdata
Lover og forskrifter knytt til arkiv
Her finner du ei oversikt over, og lenkjer til dei viktigaste lovtekstene og forskriftene som omhandlar arkiv.
Arkivlova
Formålet med lova er å sikre arkiv med kulturell eller forskningsmessig verdi og arkiv som inneheld rettsleg eller viktig forvaltningsmessig dokumentasjon. Arkiva skal bli tatt vare på og gjort tilgjengeleg/sikra for ettertida.
Offentlege organ skal føre journal over all saksbehandling og korrespondanse etter bestemte reglar. Det er ikkje lov for det offentlege å gje bort arkiv, men dei skal sørge for bevaring for ettertida gjennom avlevering til arkivdepoter som riksarkivet, statsarkiver eller kommunale/interkommunale arkivdepot. Kassasjon skjer kun i samsvar med lov og forskrift.
Arkivforskriften
Arkivforskrifta gir overordna bestemmelser om arkiv i offentlege organ. Hensikta er realisering av arkivlova sine formål. Revidert forskrift trådte i kraft 1. januar 2018. Forskrifta er inndelt i Kapittel I: Overordna føresegner og Kapittel II: Arkivprosessar.
Riksarkivarens forskrift
Riksarkivarens forskrift gir utfyllande tekniske og arkivfaglege bestemmelser om arkivrutiner, arkivlokaler, lagringsmedier, avleveringsrutiner og kassasjon m.v. Revidert forskrift trådte i kraft 1. januar 2018.
Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd - Offentleglova
Formålet med lova er å leggje til rette for at offentleg verksemd er open og gjennomsiktig, for slik å styrke informasjons- og ytringsfridommen, den demokratiske deltakinga, rettstryggleiken for den enkelte, tilliten til det offentlege og kontrollen frå ålmenta.
Lova gjeld for staten, fylkeskommunar, kommunar og verksemder der det offentlege eig over 50%.
Hovudregelen i lova er at det offentlege sine saksdokument, journalar og likknande register for organet skal vere ope for innsyn, om ikkje anna følgjer av lov eller forskrift med heimel i lov. Lova gir vidare føresegner om kva slags informasjon som skal eller kan unntas frå innsyn.
Forvaltningsloven
Formålet med lova er å regulere saksbehandlinga i offentlege organ. Lova har reglar om svarfrist for organet, prosedyre på klage på vedtak, regler om teieplikt og rett til innsyn for partar i ei sak.
Personopplysningsloven
Laster...