Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no

5. Arkivdepot

Når arkiv er gått ut av bruk skal dei overføres til depot for bevaring og langtidslagring - enten som ei avlevering eller som ei deponering. Møre og Romsdal fylkeskommune har IKA Møre og Romsdal som arkivdepot for avlevert arkivmateriale.

Avlevering betyr at eit avslutta arkiv - eller avslutta arkivdel - blir overført til eit arkivdepot som overtar både råderett over og oppgava med forvaltning av materialet. For statlege arkiv er det Arkivverket som overtek ansvaret.

For kommunalt arkivmateriale foregår overleveringa til depot som ei deponering. Til forskjell frå ei avlevering, så overtar depotinstitusjonen ved ei deponering oppgava med forvaltning av materialet, mens ansvaret og råderetten fortsatt ligg hos kommunen.

IKA Møre og Romsdal er ein kompetanseinstitusjon innafor arkiv og kulturformidling i Møre og Romsdal. Dei er rådgivere for fylkeskommunen og kommunane i arkivspørsmål og er også depotinstitusjon for deira historiske arkiv.

Laster...