Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

1.4 Vidaregåande skolar

Vidaregåande opplæring er det største einskilde tenesteområdet til Møre og Romsdal fylkeskommune. Fylket si samla ramme er på ca 1.300 millionar kroner. Sektoren har om lag 2000 tilsette.

Utdanningsavdelinga har det administrative skoleeigaransvaret for dei vidaregåande skolane i fylket, vidaregåande opplæring i bedrift og fagskole. Det er i dag 23 skolar og om lag 1300 godkjende lærebedrifter som gir tilbod innafor ulike utdanningsprogram, fag og bransjar.

 

Arkivansvar

Dei vidaregåande skolane i fylkeskommunen er eigne administrative einingar med eigne fagarkiv.

Innhaldet i rektor sitt arkivansvar er fastsett i forskrift om offentlege arkiv, § 1, 2. ledd.  

Rektor har som øvste leiar i følge arkivforskrifta ansvaret for skolen sitt arkiv, og for at organiseringa og oppfølginga av arkivarbeidet er i samsvar med lover og forskrifter om offentleg saksbehandling. 

Eit offentleg organ har ansvar for at underordna organ får nødvendig rettleiing, råd og instruks for arkivarbeidet i samsvar med føresegner gitt i eller i medhald av arkivlova. Organet har det overordna arkivansvaret for offentlege utval som organet har nedsett.

 

Oversikt over vidaregåande skolar

Atlanten vgs

Borgund vgs

Ålesund vgs

Fannefjord vgs

Hustadvika vgs

Gjermundnes vgs

Haram vgs

Herøy vgs

Kristiansund vgs

Molde vgs

Rauma vgs

Romsdal vgs

Spjelkavik vgs

Stranda vgs

Sunndal vgs

Surnadal vgs

Sykkylven vgs

Tingvoll vgs

Ulstein vgs

Volda vgs

Ørsta vgs

Fagskolar

Fagskolen i Kristiansund

Fagskolen i Ålesund

Privatskolar

Vestborg vgs

Akademiet vgs Ålesund

Laster...